Som ein del av utbygginga av infrastrukturen i oppgangstidene på 1800-talet vart det i 1875 fatta stortingsvedtak om bygginga av Vossebanen. Peter Jebsen, ein lokal industrireisar, stod i bresjen for at vedtaket skulle fattast og har nok mykje av æra for at Vossebanen blei ein realitet.

Arbeidet med bygginga starta i 1876. Det skulle vise seg å bli meir problematisk enn ein først hadde førestelt seg. Topografien på strekninga, med høge fjell på eine sida og fjorden på den andre gjorde arbeidet vanskeleg. Tunnellane som blei bygga blei både lengre og fleire enn ein først hadde anteke, og arbeidet var særs risikofylt. Fleire menneskeliv gjekk tapt under bygginga av Vossebanen. Til saman var det 800 arbeidarar i gong samstundes under bygginga, mange av desse var innhenta arbeidskraft frå Sverige.

Opninga av bana frå Bergen til Voss skjedde i 1883, som smalspora jernbane. I 1898 vart det fatta vedtak om å gjere Vossebanen breispora og i 1904 var oppjusteringa ferdig.

Vossebanen opplevde stor vekst i antal reisande dei første åra. Frå 1884 til 1914 blei antalet passasjerar ved stasjonane i Arna firedobla, frå 20 000 til 80 000 reisande. Betringa i kommunikasjonen hadde fleire positive konsekvensar. Det blei oppretta mange nye industriar og verksamheiter langs strekninga, som derav auka etterspurnaden etter arbeidskraft og folketalet auka parallelt med dette. Samstundes blei behovet for ei felles nasjonal tid sterkare. Tidlegare hadde ein operert med ulike lokale tider i Noreg, basert på når sola stod høgast på dei ulike stadene. Etter utbetringa av kommunikasjonen og auken av telegraf- og telefontenester blei det dermed naudsynt med ei felles nasjonal tid. Dette blei vedteke i Stortinget i 1894.

Under andre verdskrig vart Arna rekna som særs militærstrategisk ettersom at Arna var eit knutepunkt for trafikken frå Bergen og innover i landet. Dette visste okkupasjonsmakta å nytte seg av og mange tyske soldatar vart sende dit.

Tyskarane sitt nærvær førte òg til at infrastrukturen vart bygga ut. Det blei anlagt sidespor til Vossebanen til både Seimsmark og Midttun.

I 1965 vart gamle Vossebanen nedlagt som lokalbane og vart kun brukt som sidespor for godstrafikk. Dette opphøyrte i 2001 då sporet til Nesttun vart rive.

I dag vert strekninga mellom Garnes og Midttun nytta som museumsjernbane. Garnes er hovudstasjon for veteranjernbana Gamle Vossebanen. Gamle Vossebanen er ei såkalla fjordbane, altså ei bane som går gjennom fjordlandskapet med fjell og lier på eine sida og sjø eller vatn på andre sida. I 2002 freda riksantikvaren Garnes stasjon.

Viktige hendingar i Vossebanen si historie:

  • Opna i 1883 som smalspora bane (1067mm)
  • I 1884 blir det anlagt sport til Bradbenken over Torget
  • I 1887 er Bergen nest største  stasjon i landet med 250 000 reisande
  • I 1898 blir det fatta Stortingsvedtak om omgjering til breispora bane
  • Frå 1904 breispora (normalspora) bane (1435mm)
  • Max 1800 mann i arbeid (gjennomsnitt 1250 mann frå 1898-1904)
  • I 1904 kjem det ei ombygging av samtlege stasjonar, lengre krysningsspor, lastespor og perrongar
  • I 1908 blir Vossebanen slått saman med Bergensbanen
  • I 1911 blir Kronstadverkstaden bygga, teikna av arkitekt Thune
  • Ny jernbanestasjon i Bergen i 1912, teikna av arkitekt J. Z. Kielland
  • 1918: Ras langs Sørfjorden
  • 1918-1932: Store ombyggingar
  • I 1920 anleggast hamnespor til Koengen
  • Fleire haldeplassar opprettast i 1930-åra for å møte konkurranse frå motorisert trafikk
  • 1940: Stortingsvedtak om elektrifisering
  • Ein påbyrja arbeid med elektifisering i 1945-46, ferdig i 1954
  • I 1950 blir spor til Dokkeskjærkaien anlagt
  • I 1954 blir ”komiteen for Bergensbanens forkortelse” oppretta
  • I 1954: Omlegging til elektrisk drift
  • I 1959 blir Ulrikkentunnel vedteke, opnast i 1964
  • I 1964 byggast ny Arna stasjon
  • I 1965 nedleggast lokalbana til Nesttun, lokal godstrafikk ved oppretthaldt seks dagar i veka på strekninga Tunestveit – Garnes – Seimsmark
  • I 1981 startar Norsk jernbaneklubb arbeidet med ivaretakinga av anlegget
  • I 1992 vert Museumsjernbanen Gamle Vossebanen sett i drift
  • I 2001 avviklast godstrafikken på strekninga
  • I 2002 fredast Garnes stasjon

(Gamle Vossabanen Kulturminneutredning, Byantikvaren 2006)

Av: Alexander Breidvik